Så var det no på tide å få satt
opp nokre flotte dører inne..
Eg har endå ikkje fått mala toppstrøket
i gangen, men dørene skulle no inn..
Eg har kjøpt med 3 flotte innerdører
på Dyrøy med min kjekke onkel..
Han har har vore til stor hjelp med å
rekne ut og styre og bestille det som
trengs av utstyr og materiale ..
Det er jaggu godt å
ha kjekke onklar som hjelper til
med sine fagkunnskapar..
Og no skulle dørene få pynte
opp studio med si prakt..
Og kven andre enn min staute
far, hadde no blitt deligert denne
oppgåva med å montere dei inn..
Fredag og Laurdag 15 & 16 August
var vi i full sving..
Det gikk relativt greit å setje inn
dører til toalett og mørkerom,
men døra opp til loftet baud
på litt meir jobb og frustrasjon..
Den var steike skeiv...
Men for pappa, som er så knakandes
røynd i yrket, så fekk han
det likevel til..
...til slutt...
Når listene kjem opp etterkvart,
bli dette berre lekkert..
Så no er det berre å prøve å
gjere seg ferdig med denne malinga, slik eg kan
setje på dei nye lekre dørhåndtaka mine..
Litt trist å fjerne dette vakre gamle håndtaket.
Eg skal sjølvsagt ha det litt stilfullt,
og må difor ha tre like håndtak..
Etter mykje leiting, måtte eg gje meg..
Eg har ikkje funne like håndtak til dei to andre
dørene, så eg kjøpte meg nokre nye...
Men dei har sjølvsagt eit
lekkert "gamaldags" preg dei også, og eg ser
meg veldig tilfreds og nøgd med dei...
Så no er dørene inne på plass, det blei riktig
så lekkert kan eg fortelle dykk...
No gjenstår det maling og maling og
sparkling og sparkling, og fiksing og
montering av ytterdør + +
Eg nærmar meg ein ende...
Tusen takk til:
pappa (som vanleg)
mine tre tolmodige gull
mamma (som vanleg)
Onkel Andreas
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar