tirsdag 11. november 2008

Her er mitt studio..


Så var det klart, endelig klart for å vise
alle interesserte studio mitt..

Laurdag 08.11.08 hadde eg open dag
og dette blei ein minnerik dag..

Mange kom innom for å kike, og
det blei veldig satt pris på.

Eg FEKK så mykje fint!!!

Nydelige orkidéar
vakre liljer
Gigantiske roser
deilig vin
sjokolade
gåvekort
gode klemma

mmmmm

Og Karin Lillebø kom innom med ei 
særdeles flott gave til meg og studio.
Ho hadde med ein flott og 90år gamal 
orgelkrakk, som sto her i bygget i alle 
dei år det var skule her... 

Fantastisk  gave!!

Slike generøse handlingar
varmar hjertet virkelig, og det var så kjekt
at det kom så mange fra bygda Liadal..
Tusen takk til dokka alle som har vist
meg oppmerksomheit kring denne
opninga, det har eg sett 
uendelig pris på..

Bilete fra open dag kjem seinare.

No skla eg gje dokke ein
omvisning i studioet mitt


Gangen:










Trappen opp:










Toalettet (nede):








Mørkerommet:







Studio:
















Eg svevar...








Tusen takk til
alle mine gode som
har hjulpe meg med arbeid,
som har hjulpe meg i mål.

Nokon har gitt støttande ord,
andre har deltatt på 
dugnadar..


Eg er så uendelig takknemlig for hjelpa!!

Så vil eg gi ein
spesiell takk til mine
kjære gode foreldre
mormor og morfar
og Onkel Jon.




søndag 2. november 2008

Open dag.....




Så er det snart klart....

No er eg nett ferdig, 
og eg gleder meg veldig til
å syne studio mitt for alle
som har lyst å kome
å sjå...


Så derfor har jeg gleden
av å invitere til 
OPEN DAG :







Dette gleder jeg meg veldig til..

Håper å se mange kjendte
og mange ukjendte..



klem





lørdag 1. november 2008

i gode gamle dagar. .


Gode gamle dagar. . . 

Eg er særleg opptatt av dei gode gamle dagar,
dagar med pusterrom, dei som levde før
hadde det enkelt med dog så rikt..

I dagens samfunn har vi mista 
litt av det verdifulle som 
var i gamle-dagar.
Vi har mista pusterom, 
og det enkle.

No til dags streber vi etter å oppnå
stadig nye høgder. Barna skal ha meir og meir.
Leikeroma er overfyllt av leiker, og barna set
ikkje pris på verdien i ting slik dei 
gjorde før.. 

Difor er det viktig og lære av det som
har våre. og dei skikkane som har våre.

Hjelp kvarandre, 
Snakk med naboen,
Pust med magen
og Smil..

Prøv å ha ein dag i veka
der tempo er sakte, slik ein får
sjans til å nyte nuet og ikkje forberede
seg på morgon dagen. 

For husk:

Livet er nå.

Sidan eg no snart er ferdig med studio,
vil eg fortelle litt om historikken
i sjølve bygget.

Eg er så heldig å få eit skriv
av Gunnar Ellingsen, som har
skreve soga om gamle skulen
på Liadal. Mykje av teksten nedanfor
er skreve av Ellingsen

Eg skal no fortelje korleis dette
bygget, som eg er så glad i,
har blitt til..




Dette biletet er tatt juni 1905.
Her står det fiks ferdig og er skulebygg 
for born på Liadal krets.

4.Februar 1903 vedtok kommunestyret i Ørsta,
etter mykje om og men,
at det skulle byggjast skule på Liadal.
"paa Betingelse at kredsen aftergiver frit den
fornødne Byggegrund og Legeplads ved skulen"
Dette ble avslått av kretsen.

Så den 16.mai vedtok kommunestyret "enstemmig av 
inkjøbe 40 kvadrat Stænger af Nils Liedals Eiendom
paa Fjordnigen tet overfor Landeveien, for en
Kjøbesum af 130 kroner etc ...."


Da var det altså vedtatt at skulen
skulle byggjast på tomt til min
tipp-oldefar, tomta er navngitt
som Fjordingen..


Den 25.juli 1903 vedtok kommunestyret kven
som skulle setje opp og byggje skulen.

"Udgravning og planering af Tomten,
Grundmurens Opførelse og Beslag.
Cementgulv og udvendig Trappe,
alt o Overnensstemmelse med 
Byggekontitionerne,
ligeså den nødvændige Mur under
Udhuset, bortsættes til Nils N Leidal 
for Kr. 365,oo-"

Sivert  L. Moe skulle føre opp
treverket og reise bygget.

Nedanfor er sjølve kontrakta,
som min tippoldefar og S.Moe
har skreve under på..


Så som de kanskje no skjønner,så
er dette bygget som eg har studio i,
så mykje meir enn berre 
eit vanleg bygg.

Her har min tippoldefar bygd
grunnmuren, trappa og hatt
uendeleg mange arbeids timar.

For meg stig verdien i bygget så
betraktelig,når eg tenkjer på dette.

Min tippoldefar..

I januar 1904 vart skulebygget vigsla
på ein julefest. Frå då av vart 
det meste av lags og møteverksemd i bygda
flytta til skulehuset. Kvar mann skulle skaffe ein
benk å sitje på. Desse benkane var i bruk så lenge 
til forsamlingshuset "vidsyn" vart teke i bruk 
i 50-åra. Men det står igjen ein i studio,
den har våre i bygget i all si tid,
og den har eg måla kvit...

Gunnar Ellingsen har skreve ei
veldig god og utfylliande soge
om Liadal skule, og om
de vil veite meir, og
alt som skjedde der, oppmodar
eg dykk til å kjøpe soga.

til slutt vil eg leggje inn eit bilete
som er tatt ein skuledag i truleg 1953.
Der var ein lærar, Pål Arne Dimmen og 27 elevar.




Bruket "Fjordingen" nr 32 blei utskilt til 
Sigurd Jon Liadal (min morfar) og
Jon Olav Liadal (hans bror)
26.September 1962.

Eg sit her med tårer i augo,
så uendelig rørt over å ha
fått moglegheit til dette.

Tenk, eg får ha studio i slik eit
fint og verdifullt bygg.

Så uendelig takknemmlig
for at to gode brødre,som
står mitt hjerte så nært,
gir meg moglegheita til dette.


For at dei saman med meg ser verdien
i å holde liv i slik eit vakkert bygg..


Tusen takk til

Gunnar Ellingsen
Morfar, Sigurd
Onkel Jon