søndag 24. august 2008

Rørleggaren kjem...



Så var det tid for at rørleggaren 
skulle besøke studio mitt.. 

No var mørkeromet no klart for å montere opp
ein stor benk til å lage bileter i..
Sjakk-belegget var lagt på golvet, 
og veggane var kvite og fine
 etter fleire malingsstrøk..

Åh.. kor kjekt...




Den dyktige rørleggaren som kom var
Ståle Vinjevoll fra Vinjevoll RøR.
Han er også i familie på min fars
side, så det var ekstra hyggjeleg å ha
ein bekjent og dyktig fagmann til 
å ordne det meste som har med 
rør å gjere i studio..

Ståle hadde fått den kjekke oppgåva
med å lage til vassbenken på mørkeromet
og til å ordne vask på lille doet mitt,
samt eg har også kjøpt eit elektrisk 
toalett som skal stå i studio..

Ståle jobba flittig både måndag 
den 11. og tysdag 12 august. 

Eg var også så heldig å ha med med fleire
desse dagane. Medan eg sparkla og styra,
ordna min gode far og son eit råte hjørne.
Dette tetta dei med "hus-fix"..




Min skjønne skatt var veldig interessert
i å lære korleis "morfar-som-kan-alt"
blanda til hus-fix..

Det var verkeleg spanande..



Morfar er den store helten...


Og mens Ståle bora hol i det
tjukke mur golvet på mørkerommet
hadde min vakre gut ei lita
økt med å brenne fleire reklamer som
det framleis var ein del av...




Men det bråka så fælt av borre lyd,
så min lille prins tykte det nok
best var å beskytte øyrene 
med litt hørselsvern..




Eg tenkjer det var nok mest for
å være lik en kul arbeidsmann
som dei to andre som jobba 
der den dagen..




Og som mor, må eg innrømme at 
eg blir meget varm om hjarte når
arbeidskaren min bedårar meg med desse
augene, og han var nok litt ekstra
bedårande med desse gule 
hørselsverns-klokkene..



Tusen takk for Strålande jobb til:

Ståle Vinjevoll
(Vinjevoll RøR AS)
min vakre arbeidskar
pappa






2 kommentarer:

Astrid sa...

Så heldig du er som har slik ein flink og hjelpsam "storegut"!

Det var forresten ei flott reportasje om deg i avisa, eg har fylgt litt med inne på bloggen din så eg visste no om prosjektet ditt, men det var kjekt å lese om det i avisa også:)

Ynskjer deg lukke til vidare!

MA sa...

Hei Astrid.

Tusen takk for hyggelig kommentar, det er berre
så utruleg kjekt med alle som er så positive
kring meg og studio..

Takk, takk :)

Kom gjerne innom å besøk meg der ute,
døra er open for alle som vil besøke meg :)

:)