Laurdag 9.August var det klart for
ein maledugnad.. Eg var temmeleg spent på
korleis oppmøtet ville bli, da eg hadde lagt
ut om dette på facebook-gruppa mi, Fotograf MA.
Eg hadde fått vite at omlag 5 ville komme, og
muligens 4 kunne komme.. Så enten blei vi mange,
eller so blei vi få.. Men ein ting visste eg:
Kjekt skulle vi uansett få det :)
Klokka 12 sto eg med mine tre,
og mi kjære mor klare.
Vakre Linda hadde eg henta i Ørsta.
Ho er ei kvinne i vinden.
Ny-innflytta i flott eit hus,
har 3 nydelige born, mann og ein katt..
Ho har så mykje å gjere, men likevel tok ho
seg tid i å hjelpe meg..
Dette er verkeleg verdsatt..
Så kom vakre Tove..
Ho bor i denne vakre bygda kom ruslande
ned fra Halsane, eller "utsikta" som ein også
kan kalle den vakre plassen..
Eg har tidlegare skreve om denne
vakre kvinna som stråler..
(innlegg 11.august)
Ho er berre fantastisk..
Det viste seg i å bli ein stråååande dag.
Vi skravla, lo og hadde det heilt supert.
Tenk å fylle studio med slike hærlige
kvinner, da må det berre bli bra..
Vi hadde det virkeleg artig, vi snakka
om gamle dagar i studio, og Tove tok mykje
bileter fra dugnaden ho også..
Ho er så flink i å fange detaljar,
og de bør lese om dugnaden på den
fantastiske bloggen hennar:
Vi mala og mala, store som små..
Morfar og Onkel Jon kom også innom,
og vi snakka myje om skulen som ein gong
var. Eg skal komme tilbake med meir
skulehistorikk seinare, da eg
jobbar med å samle info og gamle bileter.
Eg er så heldig i å ha slike nevedyktige
og hjelpsomme barn.. Dei vil så gjerne hjelpe meg..
Og slik ei help fekk eg av mi vakre datter.
Ho viste seg å være ein malemester..
Ho syntes dette virkeleg var artig,
tenk å få tegne på veggen...
Og så var her ein så livlig og lykkeleg
liten prins.. Etter ein times søvn var han i
trillande humør, han lo og sprang livleg rundt
i studio, og var verkeleg med på å bidra til
den lette og livlege stemninga i studio..
Og så måtte vi sjølvsagt kose oss litt
i graset med deilig kaffi & snadder..
Vi fekk gjort så mykje denne kjekke laurdagen,
og eg var så lykkeleg for all hjelp..
No var eg enda nærmare ein ende, sjølv om
det er lenge igjen til alt er klart..
Tusen hjerteleg takk til:
Gode mamma
Linda
Tove
Mine 3 skattar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar