søndag 31. august 2008

Eg leiger inn snikkar. .




Etter mykje om og men, bestemte eg meg til
slutt for å setje inn annonse 
i Møre-Nytt:

"Snikkar
Treng snikkar til dørmontering 
og diverse. Kun seriøse henvendelsar.
Hastar. Fotograf MA. tlf..."

Det som så kjekt var, det var at 
eg fekk fleire telefonar, 
så no skulle det bli dreis på 
sakene ute på studio..




Kjekke Arne på Dyrøy, var ein helt
da han ordna med dør til meg..
Eg hadde arbeidskarar som ville jobbe,
men inga dør.. Så godaste Arne ordna
opp og skaffa meg dør på dagen..




Eg hyra inn tømrar Dag Egset til å styre
litt for meg ute på studio..




Det var no ein del som skulle gjerast,
og Dag begynte moglegheit til å
byrje allereie mandag 25. August.
Det var da verkeleg genialt..

Akkurat slik eg likar å ha det,
at ting går radigt og som planlagt..




Eg og min kjære far var ute på mandagen
og utdelte arbeidsoppgåver, og Dag
var kjapt igang med jobben.




Iløpet av tre dagar var taket reparert. 
No var dei lause hellene godt festa.
Eit bord var blitt satt inn på øverste vegg.
Ny ytterdør var satt på plass.
Samt ein del anna var fiksa..

Heilt topp!!

Tusen takk til:

Pappa
Tømrar Dag Egset
Gode Arne på Dyrøy



Ingen kommentarer: