tirsdag 30. juni 2009

Ei gåve til far. .



Eg hadde eit besøk i studio, av 
den mest fotogene 11 åring eg 
nokon gong har møtt..




Vakre Caroline



Føremålet med opptaket var 
å gje eit album til pappa.

Slik han kunne titte i albumet
når han jobba vekke og savna dattera si.




Ein så vakker tanke..




Pappa´s lille skatt.




Caroline var heilt RÅ framføre kamera.
Eg hadde det verkeleg artig når vi
tok bileta. Vi spelte høg musikk, og
Caroline blomstra framføre kamera.



Veldig artig!!


Eg vil gjerne ha denne modellen tilbake i
studioet mitt ved ei anna anledning.
Det var verkeleg artig å jobbe saman
med denne flotte prinsessa.


Tusen takk, Caroline, 
for ein verkeleg artig 
session i studio.



torsdag 25. juni 2009

Ei vakker stor-familie




Eg var så heldig å ha besøk av ei
stor familie i studio ein ettermiddag.


Familie på 2 + 4



Heidi & Roger har blitt velsigna
med fire vakre born.

Ein bukett av ei familie.

Vi hadde det så artig i studio, og
session var prega med mykje latter.


Samstundes som det skulle takast
familiebilete, ville syskjena ha
bilete av seg sjølve aleine.

Ein verkeleg flott gjeng!!




Kristoffer, Benedicte, Malene og Martin




Ein fantastisk søskenflokk.

Som verkeleg hadde eit samhold.
Og så tette i alder at det er
beundringsverdig til foreldra.

Som mor veit eg at småbarnstadiet er
slitsomt, så eg må ta av meg hatten
for Heidi og Roger, som har fått
så vakre og lykkelege born.

Eg fekk sjå at denne familien ikkje
berre er familie, men dei er
også nære vener,og det varma
verkeleg å sjå samholdet deira.



Malene


På slutten av session tok
vi nokre portrett.

Martin


Tusen takk til Fam. Åmbakk for ein
kjempe hyggeleg session.



Liten Jesper. .




Berre 6 veker gamal,
fekk eg besøk av ein prins
og to nybakte foreldre.




Liten Jesper



Samstundes som vi tok nyfødte
bilete av lille prinsen, tok vi
også familie bilete.



Vi fekk fleire blinkskudd av denne
vakre familia, men eg tykte
at dette biletet var
så sjarmerande!!


Stolte foreldre, og prinsen i
midten som geiper
til fotografen.




Far og sønn.





Kai Arne , Kamilla og liten Jesper.





Den nydelege sjarmøren som kviler
på pappas skulder.




Og til slutt eit bilete av mammas
hender som held rundt den
søtaste foten på
berre 6 veker.


Tusen takk for ein kjeme koslig session.




Ein helt på 4 hjul . . .



Laurdag 20.06.09 var eg på Øye og
fotograferte Monika & Terje.

Det var slik ein vakker dag, og 
brudeparet, dei strålte verkeleg.

Vi hadde fleire plassar vi tok bilete,
i forkant hadde eg funne ein skikkeleg 
nydelig plass ved eit elveleie..

Problemet var berre parkering og
tilkomst til plassen, så eg lurte meg til
å parkere på innkjørselen til ein bonde..



Etter at draumebileta var i boks, skulle 
eg pakke saman i bilen..

Men kva var skjedd??

Eg hadde punktert dekket så 
"inn i granskauen"

(dobbelt betydning)



Og reservehjul....

Det hadde eg ikkje....



Så da måtte eg ringe NAF..

Og helten kom på fire hjul..



Lennart Egset, med lurt smil om munnen
da han såg kor hjelpeslaus ein 
kvinneleg fotograf kunne bli..



Hjelpeslaus var eg, da eg ikkje eingong 
hadde kajakken min nærme sjø.

For hadde eg hatt det, hadde eg jaggu
padla heim...



Turen bar heimover, 
og vi lo godt i bilen, 
assistenten min Cecilie og eg..

Og helten, han hadde eit lurt smil..


Tusen takk, Lennart, du redda meg.


tirsdag 16. juni 2009

Eit eventyr bryllaup. . .



Den 13.12.08 fekk eg vere med på å
forevige Tonje & Thomas sin dag.



Dette vakre paret strålte heile session.
Vi var veldig spente på været og korleis
det skulle bli, sidan det var
i kaldaste desember.

Heldigvis fekk vi snø og vi kunne
verkeleg konkludere at dette var
eit eventyrbryllup. .

I Askepott stil. . .




Tonje & Thomas




Vi tok både bilete ute i snøen på
Halsane, og vi hadde ein fantastisk
session i studio mitt..

Tonje og Thomas var så utruleg avslappa,
og vi hadde det verkeleg artig.

Kjærleiken og nærleiken mellom
desse lyste i lang veg.





Biletet talar for seg sjølv. .





Vakre bruda...





Forlovaren Dag Rune og Thomas.





Tonje med sin forlovar, Monika.





Tonje, brud-aleine-bilde i
ein meir moderne stil..


Til slutt, eit utklipp av takkekortet.





Tusen takk for ein fantastisk
session, Tonje &Thomas.

Det var ein magisk dag, og eg kjem til
å minnast med glede over å sjå mykje
kjærleik de bærer til kvarandre.

Lykke til på reisa, og tusen takk
for at eg fekk følge dokke på
denne spesielle dagen.







mandag 15. juni 2009

Hanna & Johan




For litt sidan hadde eg eit verkeleg
hyggeleg besøk i studio mitt.


Eit besøk som gjekk rett i hjartet..



Hanna & Johan



Dette vakre ekteparet er busatt i Liadal
der eg har studio, så det var
særdeles hyggeleg at dei
kom til meg...


Hanna & Johan har vore gift i heile 56 år.
Og det var så hyggeleg å kjenne på den
gode tonen og energien mellom dei..

Livet dei har saman er bygd på mykje
latter og kjærleiken mellom
dei strålar. .



Så vakkert å sjå ekte kjærleik,
som har vart i så mange år,og
framleis er forelskelsen der. . .

Vi lo mykje da dei var i studio, og
eg var så varm om hjartet av å sjå
kor mykje glede og god-ord dei
hadde til kvarandre.



Slike bilete kan ein lære mykje av.

Ta vare på dei rundt deg, set pris
på dei du er glad i, og
hugs å sei det ofte.



Tusen takk, Hanna & Johan,
for at de gjorde dagen
min mykje rikare..




Liten Nikolai



Ein dag for litt sidan fekk eg besøk av
lille Nikolai og hans foreldre..



Lille Nikolai på 1 år.




Denne lille sjarmøren var i storform, og
var eit stort smil fra begynnelse til slutt..




Særleg deilig var det å ligge på magen på
saueskinnet som eg måtte leite fram.

På dette storkosa han seg,
og latteren dansa i studio. .


Denne vakre familia ville også ta litt familie
bilde, og dei stolte foreldra Kari og Håvard
strålte saman med lille Nikolai.



Ei verkeleg vakker familie.

Tusen takk for besøket i studio.