torsdag 4. september 2008

Elektrikaren ordnar opp. . .



Så var det til dags å få inn ein 
røynd kar fra Ose & Årseth til å
rydde opp i det elektriske anlegget
som har støva ned...




Litt av eit virr-varr i
sikringsskapet, så Oddbjørn
hadde litt av ein jobb og
ei relativt stor 
utfordring framføre seg..




I gangen står eit relativt gamalt
sikringsskap med meget store kursar.
Desse utgangane var kobla til 
maskinene som var i arbeid når
min gode bestefar og gamle onkel
holdt aktivt på med møbelindustri..

Alle desse kontakter og kursar måtte
rivast ut.. Vekk skulle det..

Nytt skulle inn...

Det måtte leggjast om på ganske
så mykje i skapet, og nye kursar
måtte setjast opp..

Det var no ikkje berre det som skulle
gjerast.. Oddbjørn monterte blant anna 
taklys i sjølve studio..

Til dagsbelysning..




Lekre lampar som eg har kjøpt på ikea..
Blir så fint og lyst....




Oddbjørn gjorde ein super jobb,
mens han holdt på med det elektriske,
styra eg og min gode pappa
på med litt listing og eg
dulla rundt med målarkosten..

(den begynner å bli slitt....)

og til slutt ei lita karamell:
Eg gong mens eg rydda under trappa
(opp til det komande pauserommet)
fann eg to gamle posar..

(ein med store spikrar)

Og ein som var berre heilt topp
Med ein etikett som laud følgjande:


OLE SØVIK
Drogeri--Parfumeri
Fargehandel
------------------

------------------

Telf. 66    Ørstavik   Telf. 66





Fantastisk..


Tusen takk til:


pappa (ein gjengangar)
Dyktige Oddbjørn frå Ose & Årseth







2 kommentarer:

Tonje Marie sa...

Hei =)
Bra du har fått lys i studioet ditt :)
Mvh ei som var innom og likar bilda dine =)

Tonje Marie sa...

Hei!
Her var det mange spanande og fine bilder =)Bra du har fått deg god belysning :) Det må ein ha.

Mvh Tonje Marie