Dei siste vekene har det for min del
bestått av berre maling,
maling og maling..
(og sjølvsagt mykje anna dill dall)
Eg har mala til krampa har tatt meg,
nokre gongar har eg fått hjelp av ei
god venninne og ei god mor, men for det
meste har eg styra sjølv..
"alt" er no sparkla ferdig..
Eg er ferdig med grunning i fyrste etasje,
Må innrømme at eg
er litt trøytt av å male
desse tørste tømmer veggane, men det
blir no så bra, så eg skal ikkje klage..
Tenk:
Min draum er i ferd med å gå i oppfyllelse,
veien dit har vore lang, men eg er så
nærme mitt mål og mitt eige rom for
berre å være kreativ, til å kunne skape,
og å kunne puste ut...
Veggane i studio blir berre lysare og lysare.
Vakkert blir det....
Og om nokon skulle lure på om eg får ei fantastisk
utsikt fra mitt studio, så er det berre å kike
ut or vindauga på dette biletet...
.........mmmmmmm.......
Listene inne er klare, med
grunning og to topp-strøk.
På nedsida av studio har eg
om mor tatt på murtett..
Det blei så fint og kvitt...
Døra og vinduskarmar vart også måla,
slik det skal stå i stil med
resten av mitt idylliske studio.
Perfeksjonist som eg er;
likar eg å ha orden og vil helst ha
det vakkert rundt meg..
Så med kvit mur, blir det straks
mykje betre og finare ..
Vindauga treng også ein løft,
så snart kjem det opp nye side-lister
og knektar,samt fine vakre sprosser.
Brødrene Dahle i Ørsta har tatt på
seg den jobben, og rett som det var
hadde Yngve Dahle komt med lister til meg..
Desse sto på døra ein dag, klare for
nokre strøk med maling..
Vell, da er vi endå nærmare ein slutt
på all fiks-fakseri..
Ser fram til å kunne vise alle eg kjenner
og alle andre kor fint det blir her
ute i mitt kreative rom..
... Min fri-stad ...
Til slutt vil eg takke så mykje til ei vakker
kvinne med navn Tara.
Eg har fått ein award med denne vakre kvinna,
som så gjerne ville dele denne med meg..
Tusen takk!!
Eg har ofte titta på bloggen din, Tara,
og eg oppmodar fleire til å bli
litt rikare med hennar blogg.
bloggen til tara:
Tusen tskk til:
Vakre mamma
Skjønne Idunn
Gode Tara
1 kommentar:
Kor fint det vert!
Eg likar så godt desse gamle veggane fulle av historie, for ikkje å snakke om det nydelege taket, med synlege dragarar...
Eg har noko til deg på bloggen min:)
Legg inn en kommentar