søndag 12. oktober 2008

Vindauga vert perfekte. . .





Desse gamle høge vakre vindauga i gamle-skulen
blei desverre i 80-åra skifta ut med nokre mindre,
og heller mindre flotte vindauge..

Eg syntes liksom at dei nye vindauga tok
frå eindel av sjarmen til dette vakre
gamle bygget som eg skal etablere meg i..

Dette måtte gjerast noko med, og eg
gjekk til ein nabo i sommar og
spurte han om råd...




Naboen var ingen ringare enn ein 
Dale bror, som driv eige firma i 
Ørsta, for vindauge og kjøkken..

Så tross mi eiga frekkheit med å berre
ringe på døra, var eg glad for å få
råd og hjelp av denne dyktige mannen.

Han Yngve kan sitt, vindauge har
han peiling på, og han gav meg gode
råd for korleis eg skulle få
tilbake det vakre preget på huset..




Herr Dale skulle kome i til studio to gongar,
fyrste gong skulle han setje opp vakkert 
listverk, både knektar og lister, 
som var laga av Vadset.




Desse hadde eg måla kvite i forkant.
Og Yngve kappa listene og monterte dei
opp, slik vindauga var på veg til å 
få eit mykje betre preg..




Riktig så lekkert blir det..




Nokre veker etter var sprossene
ferdige, dei hadde fått nokre ekstra strøk
med lekker måling, og no var det klart for montering.


Tidlig ein fredagsmorgon, var sprossene
allereie montert opp då eg kom til
studio... Snakk om service!!!




Åh, det blei no så utruleg lekkert!!




Yngve skulle også ordne nokre ruter som var
blitt knust, da det ikkje skal trekke inn..

Viktig å halde dette flotte bygget i 
beste stand mogleg, så då eg kom på
jobb, var Yngve øvst oppe i mønet og bytta
ut eit knust vindauge..




Her er det ikkje snakk om 
nokon høgde-skrekk...

Dette blei ein perfekt fredag, og
studio fekk eit heilt nytt preg.

No byrjar det verkeleg å bli lekkert
her ute på vakre Liadal...


Eg har litt meir smått som skal 
ordnast:

Skrivebord skal monerast
eg skal innrede
eg skal prøve å få måla ute

Men eg vil ikkje gje dykk
alt oppi hendene, bilete frå inne vil 
de ikkje få på ei stund...

Ikkje før etter mi offisielle åpning...

Då må de kome til meg for å sjå...


Legg gjerne att kommentarar;
det er alltid så hyggeleg!!


Tusen takk til:

Brøderene Dale
Yngve





8 kommentarer:

Anonym sa...

Hei snuppa!
Takk for ein trivelig kveld i går med litt tid til kreativt prat inn i mellom. Vindauga blei utrulig flotte og eg gleder meg stort til å få sjå korleis det blir inne. Det ser ut til at hardt arbeid gir lekre resultat. Stå på!

-bya-line-

L|nda sa...

Utruleg kjekt for oss som har vakse opp på Liadal og sjå at gamleskulen vår vert så fin! Kjempefine vindauge og sprosser! Reknar med du gir ein lyd når du åpner dørene! Elles kan det no hende eg stikk innom ein dag eg går forbi. Gjekk oppom og banka på for litt sidan, men då var ingen "heime":)
Stå på vidare!!! Du er veldig veldig flink.
(Så vert det vel også avis-sak etterkvart:)

Linda D.

Anonym sa...

Herregud du er kreativ!! Og skriveferdigheter har du og :)) Begynte med bildene av Fru Krøvels bryllup og endte opp skrollende nedover sida di. Svært studio, flotte vinduer og imponerende samling bilder, tipper jeg!! Klikket meg inn på første "legg til kommentar her" skjønner du :D

Hørte forresten du var i Ålesund og rampa dg for litt siden. Sikkert best for din egen "hangover" at du fikk feil nr ;))

Må du ikke slite dg ut md all den jobbinga!!

-Sam-

Anonym sa...

Herregud du er kreativ!! Og skriveferdigheter har du og :)) Begynte med bildene av Fru Krøvels bryllup og endte opp skrollende nedover sida di. Svært studio, flotte vinduer og imponerende samling bilder, tipper jeg!! Klikket meg inn på første "legg til kommentar her" skjønner du :D

Hørte forresten du var i Ålesund og rampa dg for litt siden. Sikkert best for din egen "hangover" at du fikk feil nr;))

Må du ikke slite dg ut md all den jobbinga!!

-Sam-

happy in pink sa...

ja, utrolig flott ble det... utrolig hvor mye vinduer gjør med fasaden:))

bærre lekkert;))

klem tara

MA sa...

Heia.

Så utrulig kjekke de er!!
Tusen tusen takk for alle gode ord, det varmar.
Alltid hyggelig med tilbakemeldingar :)

Line: Veldig kjekt å sjå deg igjen, vi skal så absolutt finne på noko kreativt i lag. :)

Linda: Så synd at eg ikkje var "heime" da du var innom. kom meri enn gjerne igjen. Skal nok være der i helga. Satsar på åpning med åpen dag 1.nov, så da må vi få til ein artikkel, tenkje eg. :) (om du ikkje vil kome før, mulig MN kjem den dagen)

Sam: takk takk, og ingen kommentar til det siste :)

Tara:
Tusen takk for kjempe hyggelig tilb.meld, det er slike som dette som gir meg lysten til å jobbe vidare med draumane mine. :)

Ønske dokke ein strålande kveld :)

MA

Tove sa...

Hei Ma! Kom innom ein bloggdame som også driv og pussar opp ein skule! Veit ikkje heilt kva ho skal fylle den med, men du bør absolutt ta deg ein kik innom denne bloggen:
http://gripdag1.blogspot.com
Sjå kor fint og enkelt ho har pynta utfor døra med dei små, søte grantrea... Denne idèen skal eg jammen knabbe til jul.....

Kristin V.Skogen sa...

Heisann MA!!
Huset + studio ser kjempe flott ut!! Gler mej til å sjå d live seinare i dag.

Mvh Kristin :-)