søndag 31. august 2008

Eg leiger inn snikkar. .




Etter mykje om og men, bestemte eg meg til
slutt for å setje inn annonse 
i Møre-Nytt:

"Snikkar
Treng snikkar til dørmontering 
og diverse. Kun seriøse henvendelsar.
Hastar. Fotograf MA. tlf..."

Det som så kjekt var, det var at 
eg fekk fleire telefonar, 
så no skulle det bli dreis på 
sakene ute på studio..




Kjekke Arne på Dyrøy, var ein helt
da han ordna med dør til meg..
Eg hadde arbeidskarar som ville jobbe,
men inga dør.. Så godaste Arne ordna
opp og skaffa meg dør på dagen..




Eg hyra inn tømrar Dag Egset til å styre
litt for meg ute på studio..




Det var no ein del som skulle gjerast,
og Dag begynte moglegheit til å
byrje allereie mandag 25. August.
Det var da verkeleg genialt..

Akkurat slik eg likar å ha det,
at ting går radigt og som planlagt..




Eg og min kjære far var ute på mandagen
og utdelte arbeidsoppgåver, og Dag
var kjapt igang med jobben.




Iløpet av tre dagar var taket reparert. 
No var dei lause hellene godt festa.
Eit bord var blitt satt inn på øverste vegg.
Ny ytterdør var satt på plass.
Samt ein del anna var fiksa..

Heilt topp!!

Tusen takk til:

Pappa
Tømrar Dag Egset
Gode Arne på Dyrøy



onsdag 27. august 2008

Vi monterer innerdører. . .



Så var det no på tide å få satt
opp nokre flotte dører inne..

Eg har endå ikkje fått mala toppstrøket
i gangen, men dørene skulle no inn..

Eg har kjøpt med 3 flotte innerdører
på Dyrøy med min kjekke onkel..

Han har har vore til stor hjelp med å 
rekne ut og styre og bestille det som 
trengs av utstyr og materiale .. 




Det er jaggu godt å 
ha kjekke onklar som hjelper til 
med sine fagkunnskapar..

Og no skulle dørene få pynte
opp studio med si prakt..

Og kven andre enn min staute
far, hadde no blitt deligert denne
oppgåva med å montere dei inn..

Fredag og Laurdag 15 & 16 August
var vi i full sving..

Det gikk relativt greit å setje inn
dører til toalett og mørkerom,
men døra opp til loftet baud
på litt meir jobb og frustrasjon..

Den var steike skeiv...




Men for pappa, som er så knakandes
røynd i yrket, så fekk han 
det likevel til..
 
...til slutt...




Når listene kjem opp etterkvart, 
bli dette berre lekkert.. 

Så no er det berre å prøve å
gjere seg ferdig med denne malinga, slik eg kan 
setje på dei nye lekre dørhåndtaka mine..

Litt trist å fjerne dette vakre gamle håndtaket.
Eg skal sjølvsagt ha det litt stilfullt, 
og må difor ha tre like håndtak..




Etter mykje leiting, måtte eg gje meg..
Eg har ikkje funne like håndtak til dei to andre
dørene, så eg kjøpte meg nokre nye...

Men dei har sjølvsagt eit 
lekkert "gamaldags" preg dei også, og eg ser
meg veldig tilfreds og nøgd med dei...

Så no er dørene inne på plass, det blei riktig
så lekkert kan eg fortelle dykk...

No gjenstår det maling og maling og
sparkling og sparkling, og fiksing og
montering av ytterdør + +
 
Eg nærmar meg ein ende... 


Tusen takk til:

pappa (som vanleg)
mine tre tolmodige gull
mamma (som vanleg)
Onkel Andreas 


mandag 25. august 2008

Eg er i MøreNytt. .




Fredag 22.August fekk eg ein 
hyggeleg telefon av journalist
Svein Nordal i Møre-Nytt..

Han ville så gjerne kome og ta seg ein
prat med meg ville så gjerne vite
meir om studio/atelieret på Liadal.

Han var sjølvsagt hjarteleg velkomen,
og vi hadde oss ein hyggeleg prat.

Laurdag vakna eg av ein sms om at:

"Du er på fyrste sida i Møre-Nytt"

Så artigt!!




Her er artikkelen, og 
eg takkar Svein Nordal 
for hyggelige ord kring 
meg og mitt..



søndag 24. august 2008

Rørleggaren kjem...



Så var det tid for at rørleggaren 
skulle besøke studio mitt.. 

No var mørkeromet no klart for å montere opp
ein stor benk til å lage bileter i..
Sjakk-belegget var lagt på golvet, 
og veggane var kvite og fine
 etter fleire malingsstrøk..

Åh.. kor kjekt...




Den dyktige rørleggaren som kom var
Ståle Vinjevoll fra Vinjevoll RøR.
Han er også i familie på min fars
side, så det var ekstra hyggjeleg å ha
ein bekjent og dyktig fagmann til 
å ordne det meste som har med 
rør å gjere i studio..

Ståle hadde fått den kjekke oppgåva
med å lage til vassbenken på mørkeromet
og til å ordne vask på lille doet mitt,
samt eg har også kjøpt eit elektrisk 
toalett som skal stå i studio..

Ståle jobba flittig både måndag 
den 11. og tysdag 12 august. 

Eg var også så heldig å ha med med fleire
desse dagane. Medan eg sparkla og styra,
ordna min gode far og son eit råte hjørne.
Dette tetta dei med "hus-fix"..




Min skjønne skatt var veldig interessert
i å lære korleis "morfar-som-kan-alt"
blanda til hus-fix..

Det var verkeleg spanande..



Morfar er den store helten...


Og mens Ståle bora hol i det
tjukke mur golvet på mørkerommet
hadde min vakre gut ei lita
økt med å brenne fleire reklamer som
det framleis var ein del av...




Men det bråka så fælt av borre lyd,
så min lille prins tykte det nok
best var å beskytte øyrene 
med litt hørselsvern..




Eg tenkjer det var nok mest for
å være lik en kul arbeidsmann
som dei to andre som jobba 
der den dagen..




Og som mor, må eg innrømme at 
eg blir meget varm om hjarte når
arbeidskaren min bedårar meg med desse
augene, og han var nok litt ekstra
bedårande med desse gule 
hørselsverns-klokkene..



Tusen takk for Strålande jobb til:

Ståle Vinjevoll
(Vinjevoll RøR AS)
min vakre arbeidskar
pappa






onsdag 20. august 2008

Male Dugnad. . .




Laurdag 9.August var det klart for
ein maledugnad.. Eg var temmeleg spent på
korleis oppmøtet ville bli, da eg hadde lagt 
ut om dette på facebook-gruppa mi, Fotograf MA.

Eg hadde fått vite at omlag 5 ville komme, og
muligens 4 kunne komme.. Så enten blei vi mange,
eller so blei vi få.. Men ein ting visste eg:

Kjekt skulle vi uansett få det :)

Klokka 12 sto eg med mine tre,
og mi kjære mor klare. 

Vakre Linda hadde eg henta i Ørsta. 
Ho er ei kvinne i vinden. 
Ny-innflytta i flott eit hus,
har 3 nydelige born, mann og ein katt..
Ho har så mykje å gjere, men likevel tok ho 
seg tid i å hjelpe meg..

Dette er verkeleg verdsatt..

Så kom vakre Tove.. 
Ho bor i denne vakre bygda kom ruslande
ned fra Halsane, eller "utsikta" som ein også 
kan kalle den vakre plassen..
Eg har tidlegare skreve om denne 
vakre kvinna som stråler.. 
(innlegg 11.august)

Ho er berre fantastisk..
 
Det viste seg i å bli ein stråååande dag.
Vi skravla, lo og hadde det heilt supert.
Tenk å fylle studio med slike hærlige
kvinner, da må det berre bli bra..





Vi hadde det virkeleg artig, vi snakka 
om gamle dagar i studio, og Tove tok mykje
bileter fra dugnaden ho også..

Ho er så flink i å fange detaljar, 
og de bør lese om dugnaden på den
fantastiske bloggen hennar:





Vi mala og mala, store som små..
Morfar og Onkel Jon kom også innom,
og vi snakka myje om skulen som ein gong
var. Eg skal komme tilbake med meir
skulehistorikk seinare, da eg
jobbar med å samle info og gamle bileter.



Eg er så heldig i å ha slike nevedyktige
og hjelpsomme barn.. Dei vil så gjerne hjelpe meg..
Og slik ei help fekk eg av mi vakre datter.
Ho viste seg å være ein malemester..
Ho syntes dette virkeleg var artig,
tenk å få tegne på veggen...




Og så var her ein så livlig og lykkeleg 
liten prins.. Etter ein times søvn var han i
trillande humør, han lo og sprang livleg rundt 
i studio, og var verkeleg med på å bidra til 
den lette og livlege stemninga i studio..




Og så måtte vi sjølvsagt kose oss litt
i graset med deilig kaffi & snadder..

Vi fekk gjort så mykje denne kjekke laurdagen,
og eg var så lykkeleg for all hjelp..
No var eg enda nærmare ein ende, sjølv om
det er lenge igjen til alt er klart..

Tusen hjerteleg takk til:

Gode mamma
Linda
Tove
Mine 3 skattar



lørdag 16. august 2008

Vi malar, sparklar og pirkar. .




I dag startar vi med eit lite utsikts
bilete fra vakraste bygda på jord...




Etter eit slikt saligt bilete skal eg 
vidare informere om framgongen i studio.

Tida flyg, eg jobbar iherdig i studio nett
kvar dag no.. Så mykje å gjere..
Og kvar ein dag har eg med mine 
tre deilige, tolmodige skattar..

Med på teamet er min kjære gode
handy-pappa, som har mykje
ære for alt som er blitt gjort av
snekkring i studio..

Det er ikkje lett å få hjelp av fagmenn,
og med ein far som har våre i yrket 
tidlegare, så er det ekstrem hjelp.




Min vakre, gode pappa, som også
er slik ein hærleg mann, har våre ute
i studio titt og ofte.

Han drøymer om løysningar på diverse
problemstillingar på nettene, og
sender meg ofte meldingar om at no
har han ein plan....

Pappa, du er slik ein
fantastisk mann, og eg er så
heldig som har deg.

Dette innlegget er som de skjønner 
litt retta mot min fantastiske far..

Men eg skal også oppdatere dykk om
jobben desse første dagane i august..

Mens eg og min gode far jobba inne,
hadde min vakre son ansvar for å
brenne gamle brosjyrer frå 30 år 
tilbake i tid...




Det var jammen artigt...



Til info så var min gut under oppsyn..


Laurdag 2.august bar det rett i studio
for å male. No skulle det grunnast
på desse gamle tømmerveggane..

Desse veggane som hadde ligget i dvale
i nokre år, men som no får 
liv rundt seg igjen...

Det er litt av ein grunnings-jobb,
som ikkje blir ferdig på ein dag...

Det var i hovedsak mørkerom og gang
som eg grunna, og eg var der ute
søndag og mandag også..

Mandag 4.august var eg ferdig med 
2 strøk grunning og eit topp
strøk med fin kvit ein farge..

....lekkert.....

Tirsdag 5.august fekk eg besøk av ein
blid kar frå Fargerike..
Han skulle legge belegg på golva
inne på mørkerommet mitt...

I sjakkmønster...




Veldig lekkert, blei det...

Så mykje er blitt gjort på kjekke
dagar tidleg i august...
Til helga  9.august skulle eg arrangere
male-dugnad, og eg var temmeleg spent
på om det blei stor deltakelse..

Eg avslutter med eit bilete
av vakre Liadalsnipa..




Tusen takk for denne gong til:

Pappa
Mine tre tolmodige skatta
Mamma
Fargerike






mandag 11. august 2008

Eg har fått award. . .




Dette er berre særdeles stas...




Tenk, eg som er så ny på blogg har iløpet
av ganske så kort tid fått to awarda..

Og desse kjem ikkje frå kven som helst.
Når ein er så heldig å få award, skal ein gje det
tilandre man synes fortjener dette.

Dette er ikkje lett, då eg ikkje er så kjend
med fleire bloggsider, så eg veljer å gje
award til andre etterkvart; men

det er ei kvinne som skal få med meg idag:




Eg er så heldig å ha blitt litt
kjend med ei super kvinne.

Og eg gleder meg til å bli meir kjend med ho..




Kvar gong ej høyrer frå ho,blir eg varm om hjertet.
Ho har slik ein omsorg, ho er ein "løftar".
Ho løfter opp menneska rundt seg med 
gode ord, ros og støtte.

Ho er ein av dei som har våre meget positiv
til mi etablering av studio på Liadal,
og det kjennes verkelig godt å ha ho til støtte.

Ho er alltid blid, alltid så støttande
og har ei evne i å nyte livet i kvardagen.

Eg synes bloggen hennar bør verkelig besøkast,
slik ein kan lære å ta glede i dei 
heilt vanlege ting. 

Tove har skjønt det...

Vi har desverre ein tendens
til å gå i stress-knipa og desverre
synes vi mang ein gong at vi har altfor
mykje å gjere.

Da bør ein gjere som fantastiske Tove;
pust, nyt livet og dei rike kvardagane.


Tusen Takk for at du er fantastiske deg!!









søndag 10. august 2008

Vi riv uteskuret. .


Laurdag 19.07.08

Så var det klart for å rive uteskuret,
det hang som mest oppråte og slitent.
Hadde klart sett sine betre dagar.

No øydelagde skuret berre fasada på mitt vakre
studio, så var det berre å rive det ned. . 




Fyrst måtte plater og diverse rivast laust
før sjølve muskelarbeidet..

Denne gongen var eg så heldig å ha
ute to syskjenborn som har våre
flittige med å hjelpe meg. .

Fredrik og Kristoffer...

Alltid eit smil på lur, og alltid
så villige til å hjelpe meg. .

Gode gutar...




Men her var også ein liten gut som
var aldri så villeg til å hjelpe. .
Min gode son, som har iløpet av sommaren
blitt ein kløppar i å arbeide..

Sjølv med gips på brota arm, var
sonen min i full aktivitet, og 
gledeshyla sang i lufta...

Sjølv om det var vanskeleg å halde
tunga rett i munnen. . . 





Ei maskin måtte bærast ut av skuret, så 
var alt klart for sjølve rivningsjobben.
Men det måtte planleggjast litt fyrst..





Ikkje berre og berre å rive eit skur
som var spikra fast med tusen spikrar...




Fast satt iallefall skuret, og ein liten
kar sto ivrig på sidelinja og "dro" i..

Til slutt kom det...



 
Støvskya låg seg som eit lag i lufta,
og vi alle var så jublande glade
over at vi fekk fjerna skuret. .

Sjølv om muskelkarane klarte å rive
med eit par bord på veggen, så
gjekk det strålande. .

            


Vi var godt nøgde alle "mann"

Tusen takk til:

Fredrik
Kristoffer
Min vakre gut