søndag 25. januar 2009

Lille Anna. . .




Lille Anna var slik ein nydelig
prinsesse som sjarmerte meg heilt..

Så eg syntes at ho burde få eiga
spalte for seg sjølv..



Anna var i hundre, ho klappa og lo..

Det gjorde både eg og foreldra
 hennar også, det var slik ei glede 
i studio rundt denne sjarmerande
lille prinsessa...




Kose bamsen var med..


Vi tok litt ymse bilete av denne 
vakre skatten.. Ho hadde på seg blant
anna samme kjole (ein raud) som
hennar mor brukte då ho var lita..


Slike ting er så hyggeleg, eg minnast
at eg gjorde det same med mi
dotter då ho var rundt eit år..


Etter ei stund, hadde Anna hatt så mykje 
blinkskot framføre kamera, at ho no
tykte det var nok...

Så ho snudde ryggen til, og poenterte
med at session no var over. . 



Hærleg!!!!


Tusen takk for ein session prega av
mykje latter og glede. . 




Ei livleg familie på tre. . .



Ein laurdag i november, fekk eg besøk av 
ei skikkeleg nydelig familie.

Eg hugsar denne session så godt, 
og når eg sitt og skriv 
om denne hærlege gjengen, 
sit eg og smiler...

Denne laurdagen har eg friskt i minne.
Det hadde lava ned med snø heile natta,
så det var litt av eit kav å kome ut
av dørene denne dagen..

Men då dei entra studio var dei så blide
og så godt humør, virkeleg klare for ein
morosam session i studio...


Stian, Anna og Guri



Vi skulle ta både familiebilete som
var klassiske, så skulle vi ta
litt utradisjonelle, med
litt liv og stemning i.




Nokre bilete blei til julekort
til vener og familie.




Slik ei lykkeleg familie på tre,
tydleg at dei har det morosamt ilag.




Og nydelige Anna, tykte det var kanon gøy!!

Tusen takk for ein super session i studio, 
de er ei vakker og sprek familie..




lørdag 24. januar 2009

To Systre. .



Ein måndagskveld i november hadde eg besøk av to
skjønne systre i slik eit godt humør..



Kristina & Linn Karin


Vi hadde lagt opp til ein session med
bildetakning i både finstasen og
i kvardagskle..



Tanken bak denne session, var at dei så
gjerne ville overraske sine gode
foreldre til jul..


Kva gir man til nokon man er glad i,
som har det meste?


Eg synes tanken var så god, og gleda
meg saman med desse nydelege systrene
som hadde så stor kjærleik til 
sine foreldre og besteforeldre. . 



Ein vakker tanke å gi slik 
ei flott gåve...


Vi hadde  det så utruleg artig i studio,
Linn Karin poseret og Kristina lo..

Bilda syns eg blei så flotte, da dei viser 
samholdet mellom desse systrene, dei er ikkje
berre familie, dei er også gode venninner. .




Tusen tusen takk for ein super session 
i studio, jenter!! 

tirsdag 13. januar 2009

Ei lita familie. .



Tidleg i November fekk eg besøk
av ei lita familie som nettopp
hadde fått sitt fyrste barn..

Ein nydeleg gut som så vakkert
bar navnet Andreas..


Andreas Vinjevoll-Lorvik



Lille Andreas vart født 17. Oktober 2008

Lille prinsen var 3600gr og 51 cm
da han kom til verda. .



Det var ein verkeleg rørande session
vi hadde i studio denne dagen..

Foreldra, Anita & Robert, var merkbart
stolte av deira lille vidunder.

Slik ei gave, slik ein skatt
å få eit velskapt og friskt barn..



Eg tykkjer at bileta over talar mykje om
kjærleiken som er i denne lille familia,
kor dyrbar deira lille skatt er. .


Tusen takk for ein rørande
session i studio mitt. . .


Full av mors og fars kjærleiks lykke. .




mandag 12. januar 2009

3 Syskjen



Ein fredag i November hadde eg besøk av 
ein fantastisk syskjenflokk.

Det var tre syskjen, 
Eva (no Eriksen), Kjetil og Anja Hovdenakk.

 Dei hadde som ønske å portrettere seg, 
slik foreldra kunne  få ei
fin julegåve dette året.


Det syns eg var ein fantastisk ide!!



Studio mitt var akkurat ferdig før dei kom.
Eg skulle ha åpen dag to veker etter.

Så det var mukje hardt arbeid for å få ting 
klart til denne fredagen...

Eg rakk det akkurat..

(om de hugser fra tidlgare innlegg,
så hadde eg litt knapt med tid
før mine fyrste studio kundar skulle
kome... Golvet var vaska 5 min før dei kom, hehe)

Grunnen til at vi måtte ta bilder før opning, 
var at Anja bor oppe i nord, så det
passe berre denne veka..

Og vi hadde det så kjekt!!


Og forr ein hærlig gjeng dei var..

Det var kjempe artig å ha dei i studio.
Kjetil fekk gjennomgå litt av jentene, 
og latteren dansa i studio..






Til sist legg eg ved alles favoritt,
dette biletet likte både eg
og syskjena best..




Flotte er dei..


Tusen takk for ein kjempe kjekk
session  i studio.




mandag 5. januar 2009

Session med Kristin & Børge



Her er nokra av bileta vi tok ute på 
Atlanterhavsparken, Ålesund.














Takkekortet :






Kristin & Børge


Mitt fyrste brudepar i nyetablert studio
var Kristin Vartdal og Børge Skogen.

Deira store dag var den 30.August 2008.

Eg møtte Kristin på Fasaden Frisørsalong,
der satt ho saman med sin forlovar,
Linn Karin og blei pynta
 av May-Britt.







Kristin blei så utruleg nydelig,
det var veldig kjekt å følge henne 
desse timane før ho blei kone.

Dette er noko eg tilbyr meg å 
gjere på brudeopptak, å bli med på
pynting og i kirke før sjølve session.





Kjolen og sminke og hår var ytterst
perfekt, før denne vakre bruda skulle
køyre til Vartdal Kirke for å bli gift..




Kristins far sto på trappa å venta. . 




Så kom den vakre bruda...




Til alters blei ho ført av sin far,
og hadde sine to søner til brudesveinar, 
og søster var brudepike..




Etter vielsen blei dei gratulert 
av venner og familie.
 
Dei stråla av lykke..




På kirketrappa samam med 
forloverane. .



Tid for Champagne. . . 



Gratulerer som nygifte!!!




Så var dei klare for første 
biltur som gifte. . 






Det bar avgårde til Ålesund.
Der skulle dei feirast, og vi skulle
ha sjølve session ved Atlanterhavsparken.




Lykke til på ferda. . 



No kjem snart bilder. . .



No er det dags med å skrive litt om kva som er 
skjedd i studio mitt sidan eg åpna det,
den 8.nov 2008.

Sidan den dag har det gått i eitt, 
og det har vore så utruleg kjekt!!

Det er så  mange som har ringt, 
komt innom og blitt fotograferte.

Eg klarte heldigvis å ferdigstille alle(!) 
bestillingane til jul,
det var mykje printing siste vekene, 
men gud kor kjekt det har vore.

No framover skal eg skrive  litt om mine kundar, 
Eg skal også legge ut bildete
som er tatt i studio.

Eg skal prøve å få med alle
som har vore her til fotiografering,
så om eg har gløymd nokon i farta,
må de seie ifrå. . . 

Legg gjerne igjen tilbakemeldingar på 
innlegga,det er alltid så kjekt.

Kose dykk med bileta.

Med ønske om at de alle får ein deileg dag.