torsdag 30. oktober 2008

No byrjar ting å skje...




Sist innlegg skreiv eg om den fantastiske
opplevinga eg hadde med få så
overraskande  god hjelp.

Det var heilt topp!!

Det gjekk over all forventning når desse
flittige karane lista studio mitt, og vips så
var eg jammen ajour med ting på mi gjeremåls-liste.

Onsdag 8.oktober, fekk eg på nytt besøk av min
faste elektrikar, Oddbjørn frå Ose&Årseth. 
Denne dagen skulle han blant anna setje opp ein
kanal til meg der eg skulle ha arbeidsbordet mitt.




Eg er av den oppfatning at eg hatar ledningar!!
Så då var det veldig greit å få satt opp ein
kanal, slik eg slepp det problemet..

Eg hadde berre eit lite problem..
og planen min måtte endrast litt..

Nokre dagar tidlegare hadde eg fått 
min storformatprinter fra Interfoto...

Eg har så god kontakt med gutta der
nede, da eg i fleire år har vore fast kunde
der, så då eg bad om eit bra tilbod på ein printer,
så fekk eg eit så utruleg bra tilbod, at
eg ikkje kunne takke nei til dette..

Eg hadde hatt planar om å invistere i
storformatprinter seinare, slik eg kan
printe på lerret og slikt..

Men vips, så var prineten levert i
studio mitt. hihi, vi lever jo berre
ein gong, så kvifor ikkje være litt gal?



Vell...

Planen var at eg skulle ha eit langt arbeidsbord 
på veggen som vi hadde satt opp, men då 
printeren kom, skjønte eg at dette
villle ikkje gå.... 

Prnteren er nemlig 1,8m lang!

Så da måtte eg omrokkere litt, og
endre litt på arbeidsbenken min.



Her er oddbjørn i gang med å lage
til dimmaren i studioet mitt..

Blei kjempe lekkert...

Heile denne veka jobba eg som ei
heltinne i studio med å innrede,
sette opp speil, ting og tang..

Mi gode mor var gudinne med mine born.

Eg skulle også ta nokre bilete av
tre vakre syskjen på fredagen, og 
dette kunne berre gjerast i haustferien..

Så eg var litt stressa..

Tordagen, dagen før opptak, kom
bakgrunnane og opphenget. Så dette 
skulle visst gå akkurat.

Fredags morgon kom Dag Egset innom
for å hjelpe meg med slitt småtteri.

Han hjalp med setje opp festa til 
bakgrunnane i veggen. Desse måtte bygjast
ut, da tømmerstokkane i romma var for djupe.



Det blei ordna, og eg fekk møtt mine første kundar
med senka skuldre og roleg puls.

(eg var ferdig å vaske golvet 5 minutt før dei kom)

Akkurat slik det skal være, ting fell på
plass, og lykka.. Ho smiler...


No er eg enda nærmare eit ferigstilt studio.....


Tusen takk til

Oddbjørn
Interfoto 
Egset
mi gode mor
og min gode far

og takk til tre vakre syskjen som var
mine perfekte første kundar i studio.





4 kommentarer:

Tove sa...

Du ER ei ekte heltinne, kjære Ma! Gler meg til "opninga"....

Liv Elin sa...

For en spennende blogg ! HER vil jeg jammen være med å følge deg frem til åpning av studioet!
Så fint det er blitt fra helt nedlagt gammelt skolebygg , til et lyst og fint moderne studio !!

Jeg veldig gjerne få være med å heie på deg videre, og håper det er greit at jeg legger deg til listen min.......

Ønsker deg en herlig kveld videre ! :)

Liv E fra Husrom & Hjerterom

Astrid sa...

Dette ser ut til å verte VELDIG bra Ma!
Du og dine har jammen stått på.
Ynskjer deg lukke til både med studiane dine og opninga av studioet!
Du er flink:)
Ynskjer deg ei god helg!

MA sa...

Tusen tusen takk for kommentarar, vakre jenter :)
Veldig kjekt.

Ja, no byrjar det å bli ferdig der ute :)

Legg meg gjerne til lista di, Liv Elin, kjempe kjempe kjekt. Tusen takk :)

Med ønske om at de får ei strålande helg. :)