tirsdag 28. oktober 2008

Studio held på å klargjerast...



Etter fleire henvendalsar fra ivrige lesarar på 
bloggen min har eg sansa at det er ei viss 
bekymring kring at det er litt stille 
rundt innlegga mine no om dagen.. 

(ååhh det er så kjekt at de gir meg tilbakemeldingar)

Dette har sine naturlege årsaker..

Eg held på å studere bachelor,
media i tillegg til studio,
så har eindel innleveringar og slikt no..

Eg jobbar framleis iherdig med å ferdig-
stille mitt vakre pusterom.

Det blir så utruleg flott der ute.
Men eg skal ha ein åpen dag 8.nov for alle
som vil komme å besøke meg og sjå
på kor fint det har blitt.


Det blir ikkje noko fancy med orkester&talar;
men dørene mine er åpne..


Der det er hjerterom er 
det synings-rom.


Så difor vil eg ikkje gje dykk alt i hendene, 
no etterkvart skal de få komme på besøke meg, 
de som har moglegheit til det.

Til de som bor litt lengre vekke; 
så fortvil ikkje:

Eg skal legge ut bilete etterkvart.

Men no skal de få eit lite samandrag på
kva eg har sysla med dei siste vekene..


Fredag 3. oktober fekk eg besøk av ein blid
og kjekk kar. Dette var Robert Nupen frå
Varmebutikken Thempo AS.

Han var så hyggelig og blid, og kom
bærande på ei varmepumpe til meg.
Klar for montering


.

Eg var så heldig å få eit knakandes bra
tilbod med Varmebutikken, så no var
det klart for å få varme i studio.

Dette trengtes no..

Helga i veke 40 var det enno ikkje snakk
om nokon frihelg for meg og borna,
vi har så og seie våre i studio og
sysla kvar ei helg sidan medio juni.


Deira tolmod er til særdeles 
stor beundring..


I veke 41 var det knall hard jobbing.

No skulle eg måle siste strøka i gang
og trapp opp til lageret mitt..

Eg har måla og måla og måla..

Kvit både her og der har eg blitt..
No på slutten har eg vore rimeleg lei.

Men eg kom til slutt i mål..




Måndag 6. oktober
(på min kjære brors 35-års dag)

Fekk eg hjelp av 3 karar av gull.

Det har til tider våre litt frustrerande
og vanskeleg å måtte be om hjelp.

Eg har ein streben etter å ville ordne alt sjølv.
( eg er lik min kjære far der..)

Men det er ikkje allti at det
har late seg gjere

Eg vil helst ikkje mase og ikkje be andre.

Og dei få gongar når eg har bedt om hjelp,
har eg ofte fått til svar om at:

det passar ikkje
eg kan ikkje
eg har ikkje tid
du får høyre med nokre andre

Når eg er så sjølvstedig som eg eg, har
det våre vondt å be om hjelp, og
vondt å få nei til svar.

Men det skal også være sagt at eg
ikkje har forventa at alle skal
stille opp for meg til kvar ei tid,
eg har berre hatt håp om ei hjelpande
hand i ny og ne.....

Så da skal de vite, de alle som har
spurt om å få hjelpe, og alle de
som har hjulpe meg i mål at:

Eg set uendelig pris på dykkar
omtanke og hjelp!!!

Og nettopp derfor blei ein vanleg
mandag gjort om til gull i 
mitt minne..

Eg hadde så fortvila nevnt for
ei venninne om kor mykje eg hadde att
til ferdigstilling av studio..

Astrid, som mi gode venninne er, sa
at mannen hennar godt kunne hjelpe meg.

Og jammen kom ikkje hans svoger også.
(mannen til ei anna venninne av meg, Linda)

Og det sluttar ikkje der...

Syskjenbarnet til Olve kom også trappande
på mi dør, denne mandagen 6. oktober.

Merk dykk desse navna, dei burde våre skrevne
i gull. Dette er gutar på mi topp 10 liste..

Olve Øyehaug
Stig Endre Moe
Vebjørn Øyehaug

Desse karane kom rett frå jobb, klare til å
legge lister og gjere det så lekkert med meg..

Sjå kor dei jobba:





Her var det ikkje snakk om noko tull,
her kutta dei listverket til 45grader,
slik det skulle bli mest mogleg lukerativt..




Desse tre karane jobba til nett midnatt,
vi lo og vi hadde det kjempe artigt.
Eg måla ta pina for å bli ferdig med trappa.


Og karana lista til den store gullmedaljen.


Dei fekk lista ferdig heile studio!!!!!!!





I tillegg tok Vebjørn seg av å sette
på håndtaka på dørene mine inne..

Åhhhh....

Forr ein deilig mandag!!


No er eg enda nærmare eit ferdig stillt studio..

Eg skal sette opp arbeidsbord
Elektrikar skal kome
Eg skal henge opp bakgrunn
Det skal innredast


Tusen takk til karar av gull:

Nupen fra Varmebutikken
Vebjørn
Olve
Stig



Ingen kommentarer: