søndag 10. august 2008

Vi riv uteskuret. .


Laurdag 19.07.08

Så var det klart for å rive uteskuret,
det hang som mest oppråte og slitent.
Hadde klart sett sine betre dagar.

No øydelagde skuret berre fasada på mitt vakre
studio, så var det berre å rive det ned. . 




Fyrst måtte plater og diverse rivast laust
før sjølve muskelarbeidet..

Denne gongen var eg så heldig å ha
ute to syskjenborn som har våre
flittige med å hjelpe meg. .

Fredrik og Kristoffer...

Alltid eit smil på lur, og alltid
så villige til å hjelpe meg. .

Gode gutar...




Men her var også ein liten gut som
var aldri så villeg til å hjelpe. .
Min gode son, som har iløpet av sommaren
blitt ein kløppar i å arbeide..

Sjølv med gips på brota arm, var
sonen min i full aktivitet, og 
gledeshyla sang i lufta...

Sjølv om det var vanskeleg å halde
tunga rett i munnen. . . 





Ei maskin måtte bærast ut av skuret, så 
var alt klart for sjølve rivningsjobben.
Men det måtte planleggjast litt fyrst..





Ikkje berre og berre å rive eit skur
som var spikra fast med tusen spikrar...




Fast satt iallefall skuret, og ein liten
kar sto ivrig på sidelinja og "dro" i..

Til slutt kom det...



 
Støvskya låg seg som eit lag i lufta,
og vi alle var så jublande glade
over at vi fekk fjerna skuret. .

Sjølv om muskelkarane klarte å rive
med eit par bord på veggen, så
gjekk det strålande. .

            


Vi var godt nøgde alle "mann"

Tusen takk til:

Fredrik
Kristoffer
Min vakre gut



Ingen kommentarer: