lørdag 16. august 2008

Vi malar, sparklar og pirkar. .




I dag startar vi med eit lite utsikts
bilete fra vakraste bygda på jord...




Etter eit slikt saligt bilete skal eg 
vidare informere om framgongen i studio.

Tida flyg, eg jobbar iherdig i studio nett
kvar dag no.. Så mykje å gjere..
Og kvar ein dag har eg med mine 
tre deilige, tolmodige skattar..

Med på teamet er min kjære gode
handy-pappa, som har mykje
ære for alt som er blitt gjort av
snekkring i studio..

Det er ikkje lett å få hjelp av fagmenn,
og med ein far som har våre i yrket 
tidlegare, så er det ekstrem hjelp.




Min vakre, gode pappa, som også
er slik ein hærleg mann, har våre ute
i studio titt og ofte.

Han drøymer om løysningar på diverse
problemstillingar på nettene, og
sender meg ofte meldingar om at no
har han ein plan....

Pappa, du er slik ein
fantastisk mann, og eg er så
heldig som har deg.

Dette innlegget er som de skjønner 
litt retta mot min fantastiske far..

Men eg skal også oppdatere dykk om
jobben desse første dagane i august..

Mens eg og min gode far jobba inne,
hadde min vakre son ansvar for å
brenne gamle brosjyrer frå 30 år 
tilbake i tid...




Det var jammen artigt...



Til info så var min gut under oppsyn..


Laurdag 2.august bar det rett i studio
for å male. No skulle det grunnast
på desse gamle tømmerveggane..

Desse veggane som hadde ligget i dvale
i nokre år, men som no får 
liv rundt seg igjen...

Det er litt av ein grunnings-jobb,
som ikkje blir ferdig på ein dag...

Det var i hovedsak mørkerom og gang
som eg grunna, og eg var der ute
søndag og mandag også..

Mandag 4.august var eg ferdig med 
2 strøk grunning og eit topp
strøk med fin kvit ein farge..

....lekkert.....

Tirsdag 5.august fekk eg besøk av ein
blid kar frå Fargerike..
Han skulle legge belegg på golva
inne på mørkerommet mitt...

I sjakkmønster...




Veldig lekkert, blei det...

Så mykje er blitt gjort på kjekke
dagar tidleg i august...
Til helga  9.august skulle eg arrangere
male-dugnad, og eg var temmeleg spent
på om det blei stor deltakelse..

Eg avslutter med eit bilete
av vakre Liadalsnipa..




Tusen takk for denne gong til:

Pappa
Mine tre tolmodige skatta
Mamma
Fargerike






Ingen kommentarer: