Desse gamle høge vakre vindauga i gamle-skulen
blei desverre i 80-åra skifta ut med nokre mindre,
og heller mindre flotte vindauge..
Eg syntes liksom at dei nye vindauga tok
frå eindel av sjarmen til dette vakre
gamle bygget som eg skal etablere meg i..
Dette måtte gjerast noko med, og eg
gjekk til ein nabo i sommar og
spurte han om råd...

Naboen var ingen ringare enn ein
Dale bror, som driv eige firma i
Ørsta, for vindauge og kjøkken..
Så tross mi eiga frekkheit med å berre
ringe på døra, var eg glad for å få
råd og hjelp av denne dyktige mannen.
Han Yngve kan sitt, vindauge har
han peiling på, og han gav meg gode
råd for korleis eg skulle få
tilbake det vakre preget på huset..

Herr Dale skulle kome i til studio to gongar,
fyrste gong skulle han setje opp vakkert
listverk, både knektar og lister,
som var laga av Vadset.

Desse hadde eg måla kvite i forkant.
Og Yngve kappa listene og monterte dei
opp, slik vindauga var på veg til å
få eit mykje betre preg..

Riktig så lekkert blir det..

Nokre veker etter var sprossene
ferdige, dei hadde fått nokre ekstra strøk
med lekker måling, og no var det klart for montering.
Tidlig ein fredagsmorgon, var sprossene
allereie montert opp då eg kom til
studio... Snakk om service!!!

Åh, det blei no så utruleg lekkert!!

Yngve skulle også ordne nokre ruter som var
blitt knust, da det ikkje skal trekke inn..
Viktig å halde dette flotte bygget i
beste stand mogleg, så då eg kom på
jobb, var Yngve øvst oppe i mønet og bytta
ut eit knust vindauge..

Her er det ikkje snakk om
nokon høgde-skrekk...
Dette blei ein perfekt fredag, og
studio fekk eit heilt nytt preg.
No byrjar det verkeleg å bli lekkert
her ute på vakre Liadal...
Eg har litt meir smått som skal
ordnast:
Skrivebord skal monerast
eg skal innrede
eg skal prøve å få måla ute
Men eg vil ikkje gje dykk
alt oppi hendene, bilete frå inne vil
de ikkje få på ei stund...
Ikkje før etter mi offisielle åpning...
Då må de kome til meg for å sjå...
Legg gjerne att kommentarar;
det er alltid så hyggeleg!!
Tusen takk til:
Brøderene Dale
Yngve










































