lørdag 4. oktober 2008

Eg får belegg på golvet. . . .




Sist veke fortalte eg om Håvard Bjørdal
frå Målar Olav som var å sparkla og 
pussa murgolvet i studio.. 

No var der klart for å leggje belegg..




Måndag 29.september kom dei mannsterke frå
Målar Olav AS, klare til å gjere det 
lekkert i studio mitt..



Denne vakre haustdagen hadde Håvard med
seg sjølve sjefen, ein spøkefull kar
ved navn Truls..

(Beklager; intern skrivefeil..)



Odd Einar Vartdal, er hans navn.. 

Då eg kom innom studio for å sjå dei i full jobb,
var dei godt igang... Sjølve basa i studio var
nett ferdig, og karane var i slik eit godt humør.




Her jobbar dei på spreng med å få det 
både beint og lekkert..




Ein må være nøyaktig når ein skal sette saman
belegg med rute-mønster..




Og ein god lim må til for at golvet
skal ligge skikkeleg fint.. 





Onsdag 1.oktober kom Håvard åleine og ordna
golvet på toalett og i gangen..




Sjå kor lekkert det blir..
Eg er strålande nøgd med jobben som desse
to karane gjorde i studio mitt.




No gjenstår det at:

 vindauga bli ferdige
eg treng varme
det skal målast ferdig i trapp
oppsida av vegg skal få eit strøk


.....Snart.....


Tusen takk til:

Målar Olav As
Håvard
Odd Einar





Ingen kommentarer: