mandag 15. juni 2009

Hanna & Johan




For litt sidan hadde eg eit verkeleg
hyggeleg besøk i studio mitt.


Eit besøk som gjekk rett i hjartet..



Hanna & Johan



Dette vakre ekteparet er busatt i Liadal
der eg har studio, så det var
særdeles hyggeleg at dei
kom til meg...


Hanna & Johan har vore gift i heile 56 år.
Og det var så hyggeleg å kjenne på den
gode tonen og energien mellom dei..

Livet dei har saman er bygd på mykje
latter og kjærleiken mellom
dei strålar. .



Så vakkert å sjå ekte kjærleik,
som har vart i så mange år,og
framleis er forelskelsen der. . .

Vi lo mykje da dei var i studio, og
eg var så varm om hjartet av å sjå
kor mykje glede og god-ord dei
hadde til kvarandre.



Slike bilete kan ein lære mykje av.

Ta vare på dei rundt deg, set pris
på dei du er glad i, og
hugs å sei det ofte.



Tusen takk, Hanna & Johan,
for at de gjorde dagen
min mykje rikare..




Ingen kommentarer: