torsdag 25. juni 2009

Ein helt på 4 hjul . . .



Laurdag 20.06.09 var eg på Øye og
fotograferte Monika & Terje.

Det var slik ein vakker dag, og 
brudeparet, dei strålte verkeleg.

Vi hadde fleire plassar vi tok bilete,
i forkant hadde eg funne ein skikkeleg 
nydelig plass ved eit elveleie..

Problemet var berre parkering og
tilkomst til plassen, så eg lurte meg til
å parkere på innkjørselen til ein bonde..



Etter at draumebileta var i boks, skulle 
eg pakke saman i bilen..

Men kva var skjedd??

Eg hadde punktert dekket så 
"inn i granskauen"

(dobbelt betydning)



Og reservehjul....

Det hadde eg ikkje....



Så da måtte eg ringe NAF..

Og helten kom på fire hjul..



Lennart Egset, med lurt smil om munnen
da han såg kor hjelpeslaus ein 
kvinneleg fotograf kunne bli..



Hjelpeslaus var eg, da eg ikkje eingong 
hadde kajakken min nærme sjø.

For hadde eg hatt det, hadde eg jaggu
padla heim...



Turen bar heimover, 
og vi lo godt i bilen, 
assistenten min Cecilie og eg..

Og helten, han hadde eit lurt smil..


Tusen takk, Lennart, du redda meg.


Ingen kommentarer: