mandag 7. juli 2008

Et studio skal bli til. . .






Dette er bilder som er tatt i mars, då eg var på
 synfaring i min morfars og "gamle-onkel"s 
tidlegare møbelfabrikk og verkstad på Liadal..

 Eg hadde slik ein innderleg draum om studio der.

Liadal... Slik ei perle.... 

Hugsar så godt då eg var lita jente på besøk m mormor & morfar. Latterfull og med lange fletter hengande nedover ryggen, brukte eg å springe i høgt gras nedover jordet. 

Høyrer enda trillande barnelatter friskt i minne. .  

Ein slik fredfull plass, med puste rom...

Så blei det no slik,
at eg høyrde med eigarane som står mitt hjerte så nært,og dei var så aldeles ikkje negative til min draum.Men det kom nok til å bli litt av ein jobb, meinte dei..
 
Og det kan no vel så være. .  Sjekk loftet. . .


Men om eg har eit mål, 
så skal eg jaggu klare å fullføre det også..



Dette er bilder fra sjølve hovud-etasja.. 
Temmelig fyllt opp med maskiner, materiale + +

Kanskje vanskelig å forestille seg at dette skal bli bra,men EG ser det. . 

Der eg skal ha mørkerom, studio, arbeidsplass etc. 


Så dette blir på ein måte ein liten dokumentar på korleis eg nærmar meg målet mitt.

Å få etablere eit magisk og spesielt studio..

With a touch of a magic moment. . . .






4 kommentarer:

Tove sa...

Heilt samd, Marita! Dette blir magisk! Betre studio og lokalisering kan du vel ikkje få! Kjenner eg er så stolt over at du skriv så godt nynorsk, etter så mange år i "utlendigheit"! Foreslår at du annonserer nokre dugnadskveldar, slik at dei som vil vere med og hjelpe deg får anl. til det! Eg gjer det gjere, men er avhengig av god tids varsel då det er mykje anna som også skal ha plass på kveldstid! Denne idèen synest eg du må gripe!

Klem, Tove

Tove sa...

Du har fått ein award med meg i dag, Ma! Gå inn på bloggen min og les korleis du skal gjere det! Du får den fordi eg veit bloggen din vert noko heilt særskilt, og fordi du bles liv i gamleskulen og Bøen!

Annika sa...

Kom over bloggen din på Tove sin blogg!

For eit utruleg spennande prosjekt! Eg gler meg til å fylgje med utviklinga av studioet, og kanskje eg kan få sett det IRL også ein dag... Dette ser utruleg bra ut!

Lukke til! Det er så kjekt når folk vel å satse i bygda:o)

MA sa...

Tusen takk for tilbakemeldingar, kjekt å sjå at bloggen min blir besøkt.. :)
Har jobba i studio i heile dag, dette blir så bra :)

En kjekk kveld ønskast dokke :)