lørdag 19. juli 2008

Dugnad nummer 2 og 3. . .


Så var det klart for ei ny arbeidsøkt med 
stor innsats og mykje muskel kraft. .

Og sjølvsagt ein hærleg dugnads-gjeng med slikt
eit godt og sprudlande humør

Det var slik ein formidabel innsats som blei
gjort eit par dagar før, så vi var allereie godt i 
gong med å få tømd gamle skulen for alt mogleg rot.

Så det var eigentleg berre å setje igang...




Juni-været var kaldt denne søndagen, så det var nok
ekstra godt å få bruke musklane slik vi fekk varme 
i kroppen denne "kalde" sommar søndagen 29.juni.

På denne dugnaden var det ymse som sku gjerast.
Det skulle også blant anna flyttast på ei presse
på fleire tonn, den skulle flyttast inntil 
ein vegg slik den kunne kledast inne.

Maskina var så utruleg tung at den
tok knekken på ein garasje-jekk.
Pappa var presse-sjef, og sveitten rann..

Utruleg men sant,så klarte vi til slutt å få 
flytta den nokre meter, slik den no 
ikkje sto i veia for veggar som 
skal setjast opp. .

Vidare skulle det bærast tunge maskiner på fleire 
hundre kilo, og dette var ikkje berre barnemat.

Her måtte det planleggast for å unnga ulykker..




Det var tunge monster maskiner som skulle bærast i 
både kjellar og skur, så det var jammen godt
at det var staute karar som møtte opp.

Så tungt var det at det var nære det gjekk
skikkeleg gale....

Eivind holdt på å få heile slipemaskin-beistet
over seg då den tippa over, og han flerra ei stygg
rift djypt i venstre skuldra si. .

Det såg skikkeleg vondt ut, og
ikkje blei det noko betre når samme mann fekk
fingrane  i klemme ved døråpninga.
Men motet var på topp,
her var det ikkje nokon snakk om å gje seg...

Her har karane ei lita pustepause mellom
øktene, og humøret er på topp tross
denne tunge oppgåva eg hadde gitt dei.




Karane mista ikkje motet;

Maskinene skulle dei bære ut,
sjølv om eg må innrømme at eg var
både skremd og skeptisk då eg såg kor tunge desse
msskinene verkelegen var..

Dei muskuløse karane var ved godt mot, og var
godt nøgde over å få med seg maskinene over golva. 
Fleire maskiner var så tunge at dei måtte fyrst
leggjast på palle, og vidare bli slept
over både golv og mark for å få dei i kjellaren. 

.... Og så var det berre å settje i gang igjen og
dra maskin-monstera vidare til kjellaren. . 




Hal i og dra. . . .

Jammen kom vi i mål. . Vi fekk flytta heile fire 
store maskiner denne søndagen, ein skikkeleg
jobb gjort av ein flott gjeng.




Eg har gledes hyla friskt i minnet,
da dei dro maskinene nedover bakken
på pallen. .

Konteineren var full av rusk og rask, og den blei
henta av Børstrand og tømd på mandagen.

Tusen takk til ein hærleg gjeng:

Mamma& Pappa
Runar
Tante Norunn
Kristoffer & Heidi
Fredrik
Eivind
Robert


Og eg vil også takke til 4 staute karar
som møtte opp tirsdag 1.juli for å
flytte ut dei to siste maskinene.

Takk til:

Eivind
Olav Arne
Vebjørn
Olve

No var alle maskinene ute, og no var det klart
for siste opprydding og klart til å dekke inne
maskin-pressa og sette opp lettveggar. .


The sun is shining. . . 

1 kommentar:

Anonym sa...

Stolt av deg!! :)