I mars gav Berit og Kjell Roger
kvarandre sitt "JA" i Ørsta Kyrkje.
Tidlegare har eg skreve om den rørande
vilesa deira. Der blant anna Berit´s son
førte mor si fram til alters..
Det var slik ei vakker vielse.
Vi hadde session i studio, og tok fleire
tradisjonelle brudebilete.
Berit og Kjell Roger hadde også
eit sterktynskje om å gjere
noko "anneleis".
Så vi tok også brudebilde i
gammaldagsstil med preg fra å skulle
være tilbake i 1850-åra.
Og som vi lo....
Det var så morosamt!!
Takkekortet blei av 1850-talls stil.
Eg tykkjer det blei kjempe stilig.
og alle veit jo at eg likar å lage
ting som er litt spesielt.
Eg fekk også besøk av dei seinare,
da dei ville ha nokre bilete som
uttrykte nærleiken mellom dei.
Så da tok vi nokre nærbilete.
Vi lagde ein serie, og
denne likar eg særs godt.
Eg lar bileta tale for seg sjølv:
Berit og kjell Roger har
det vi fleste søker.
Dei har nærleik, tryggheit, latter..
Og kjærleiken mellom desse to vakre er
til å ta og føle på.
Tusen tusen takk for at de er så
spreke, sporty, vil tenke nytt...
Og for at de er det dokke er
for kvarandre.
Eg hadde det heilt supert ilag
med dokke i studio.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar