lørdag 12. juli 2008

Første Dugnad. . .



.... Så var det eigentleg berre å setje 
igang med alt arbeid..

Kvifor utsetje til i morgon det ein kan 
gjera i dag....




Heldig som eg er med å ha slik ei kjær og 
omsorgsfull familie,så var mine kjære ikkje 
vanskelege å spørje om dei ville hjelpe meg
med å stilje til dugnad. 

Så på fredag 27.juni 2008 kom eit hjelpe-mannskap 
av det sjeldne, med slik eit 
godt humør og slik ei arbeidslyst..


Nokre visste ikkje kva som venta dei 
av jobb,og det kunne sjokkere dei 
fleste med all 
jobb som låg framføre oss..


Så det var like greit å berre setje i gong,
her skulle det bli både ryddigt og reint..


Vi hadde problem med å sjå sjølve 
golvet då vi starta, så 
vi hadde ei aldri så lita utfordring. . .



Men humøret steig meir og meir, 
etter kvart som vi fekk
rydda og latteren flaug gjennom skulen som ein 
fønvind i langt hår... Slik ein herlig gjeng!!


Mine kjære, som har gikk meg moglegheita til dette,
kom nyfikne og ville så gjerne være med på moroa.
Dei satte seg på stolar utanfor og fylgde med
og var av dei som eigentleg kosa seg mest. 

Sjølv om det er vondt å gje slepp på eit livsverk,
så var dei godt einige om at det var kjekt 
at det no blir liv i gamle skulen igjen. . .



Tusen takk for hjelpa til:

Mamma og Pappa
Siv Bente 
Tante Sonja & Onkel Andreas
Tante Norunn & Onkel Ole Petter
Stian
Fredrik
Kristoffer & Heidi
Anita & Robert

 



2 kommentarer:

Tove sa...

Flotte personlegheiter du har fanga med kameraet! Tuuuuusen takk for alt skryt og koslege tilbakemeldingar! Er så kjekt å opne eit innlegg og sjå at du har lagt att ein kommentar.... Må berre seie ifrå viss du organiserer fleire dugnadar på skulen. Ha ein fin bloggekveld, kanskje vi treffast ein dag????

MA sa...

Du er så flink atte.. Ej er så imponert over denne nye verda. . . blogg har liksom ikkje være noko eg har visst kva er, føre no... Du er ei blogg-dronning, og ej digger å lese det du skriv. Du er så flink å sette saman bilder til god tekst..

Hadde våre veldig kjekt å sjåast snart, tusen takk for forespørsel om dugnad, vil nok kunne trenge hjelp. :)

Hadde våre kjekt å samla ein male-gjeng :)

No til veka skal ej sette opp lettvegg, rive påbygget og ha inn elektrikara. så blir det å vaske ned og starte å male. kom gjerne innom ein dag, kjem til å være i studio mykje til veka, tenkjer eg. :)

Ønsker deg ein strålande dag :)